Juristforeningen 1 – Exeter 2-0

Exeter: Espen - Christian - Øystein - Ole – Håvard - Rossi - Bengt- Kim - Kris- Miguel – Kez – Arild - Stig

For oss på sidelinja var dette ein kamp som det såg ut som vi hadde tapt på forhånd. Gutsen var der. Humøret var der. Viljen var der. Men trua, var borte. Ingen på heile Slettebakken trudde at Exeter skulle vinne denne kampen...

Vi starta i ein 4-5-1 formasjon, og såg ut til å ville sikre uavgjordt fra første speleminutt med å legge oss litt for mykje bakpå. 10 minutt ut i omgangen falt den planen i fisk, i ein av mange gode corner fra Jus-gutta. (Her takker Redaksjonen for at referenten ikke omtaler hvem som var brødjøden som feide inn selvmålet, men bare for å rette på bjørnetjenesten, så var det meg, Mr Gaffer, uten linser og i sterkt motregn som kastet seg fram og legget ballen i nettet bak Espen. Første målet siden Cat & Fiddle tror jeg, så det var egentlig en ganske god følelse å se den gå inn. Red) Etter dette såg det ut som vi prøvde å sikre 0-1 tap, noko vi klarte heilt fram til pausen. Vi hadde nesten ingen sjangsar i denne omgangen, og sleit med å flytte opp laget når vi prøvde å kontre. Jus-gutta hadde likevel ikkje så mange store sjangsar. Dei hadde eit særs godt skudd som Espen ”Katta” Lundekvam mesterlig redda, men ellers berre nokre gode halvsjangsar.
I pausen var det te og kos. Det var harmoni i laget. Det regna sidelengs, vi låg under 1-0 og spelte langt under pari, men stemningen var likevel god. Ein hærleg fin tone. Heile laget var veldig enige om kva dei måtte gjere for å snu dette. Eit felles konsensus. Habermas sin ”gode samtale” i praksis. Full enighet om kva som var løsningen. Kunne vi snu dette her? Hadde vi funne nøkkelen til seier?
Nei. Vi fortsatte i samme tralten. Ingen forandring. Visdomsorda i pausen hadde regna bort. Dei kommande advokatane fortsatte å ha ballen i 70% av tida. Vi pressa enkeltvis, ikkje som eit lag, og vi fortsatte å ligge bakpå mesteparten av tida. Og etterkvart så slapp vi inn endå eit mål. Eit skudd fra 5 meteren. Utagbar, og fullt fortjent.
Men vi kom oss pittelitt meir framover på bana i andre omgang. Ein god Rossi skapte litt på sida si, og Kez fikk eit frispark på 25-30 meter. Bengt hadde noken ”stikkere” som fort kunne blitt farlige, og Håvard viste gode takter med å innvitere til nokre overlapper. Det merkelige med heile kampen var at sjølv om vi framstod som eit heller middelmådig lag så var det ingen som spelte dårlig. Alle ga alt, og jobba bra. Det var berre ein av dei dagane der ingenting stemte...I tillegg så møtte vi eit lag som var bedre teknisk, med bedre pasningar og bedre kondis. Men det har jo forsåvidt ikkje hindra oss i å vinne fotballkampar før.....

Høgdepunkt som tilskuar på Slettebakken:
- kaffien til Jannicke
- den klokkereine sklitacklingen til Kristoffer
- spenningen rundt om Kez skulle få rødt kort eller ikkje

*** Espen. Holdt oss inne i kampen. Var aktiv i feltet, hadde nokre feber-redningar og kunne gjordt lite med måla. Solid sisteskanse.
** Håvard. Jobba bra, og overraska alle ved å ikkje skyte på frisparket. Uselvisk og friskt pust.
* Kim. Terningkast 6 for innsats, terningkast 2 for utførelse. Holder likevel til ei stjerne. Bedriftfotballens spissaste albuer og hardaste legger.

Se forøvrig http://www.juristforeningen.com/jfc-home/index.html


Torbjørn

[Tilbake]