Exeter - Aibel 3 - 0
3. juni 2013
Kampref: The Mad Professor

Arne, Espen, Marius, Mads, Kris, Leidulf, Miguel, Kez

Kampen - ein klassisk slitesiger er vel den rette oppsummeringa

Første omgang.
Exeter noko treigt i gang, som vanleg. Arne med fall to kampvinnande redningar på null-null. Etter kvart får me betre grep om kampen, men utan at dei store sjansane vert produserte - av nokon av laga. Aibel - kva no det refererer til - var elles eit greitt lag, betre offensivt enn defensivt. Med kring ti minutt att skårar Kez direkte (?) frå hjørnespark, og omgangen ebbar ut med nok eit par gigantsjansar til oss.

Andre omgang.
Exeter festar grepet med ein gong - og no til og med i motvind. Banen tatt med i vurderinga var måla resultat av mønsteråtak. To-null startar heilt bak, der Espen slår til Leidulf på midten, som vender opp og ser Kris på fantastisk laup på høgrekanten. Kris slår til Kez, som i sin tur slår mot lengste, der Migu har tatt laupet inn frå venstre og set ballen kontant i mål. Tre-null er like fint, der Leidulf slår til Mads som slår direkte mot Kez som flikkar ballen mot Kris som då er på sitt andre laup i kampen. Åleine med målvakt gjer han ingen feil. Det kunne, og burde, blitt fleire mål med to skot i metallverket, og ei rekkje meir eller mindre bra avslutningar på Aibels relativt gode målvakt.

Stjerner:
*** Arne: målvinnande redningar i byrjinga av første; rolegare i andre, men tok det som kom.
** Kez: eit mål og to målgjevande - treng vel ikkje seie meir?
* Espen: roleg med ballen og kontant i duellane, gode oppspel