Exeter City BIL
Exeter City BIL 0 - HiB 0
Slettebakken 15. mai 2012

Referat: Kjetil

Exeter - HIB 0-0
Underteikna er, for dei under 30, SP, dvs ei legende i Exeter BIL, mest kjent for klubbrekorden med 4 feilkast på rad i perioden aug-sept 2000. Det var sjølvsagt stort for mange å møte denslags i levande live, så eg møtte opp i sivil i siste sekund før kamp for å ikkje lage for mykje uro.

Å komme tilbake på Slettebakken var som å komme tilbake på besøk til barneskulen. Banen var mindre og måla var mindre enn kva eg hugsar. (sant å seie så hugsa eg ikkje kvar Slettebakken var i det heile, noko som bidrog til denne noko seine entre).

Men stemningen var minst like god som rundt årtusenskiftet, og innstillinga minst like defensiv som under BBs velmaktsdagar.

Med ei solid fyllekule i kroppen (dog ikkje eit brot på den gamle 12-timarsregelen mind you) tok eg sjølv plass i forsvaret saman med ein stk skjerpa Haavardstun - så langt alt vel. Askeland og
Sandnes dirigerte midtbanen, sistnevnte frå sin utkikkspost på venstrekanten. På topp herja evigunge Miguel med studentane frå HIB. I tillegg var Keeper (som eg ikkje hugsar namnet på - Bjarte?) - Sandnes syskjenborn (som eg ikkje hugsar namnet på- Espen?) og ein kar til som desverre ikkje hugsar namnet på, med. Alt i alt ein stk innbyttar - noko som kom godt med.

Førsteomgang var udramatisk, tett og prega av ein del feilpasningar, men vi hang absolutt godt med på dribleraida til HIB. Og dersom vi ikkje hang med klipte vi dei berre ned. Vi fekk til litt spel, men utan å kome til for mange avslutningar.
I pausen fekk Sandnes sitt syskjenborn (Kristian?) beskjed om å springe som faen, ettersom han var i stand til det, av ein tydelig engasjert gaffer.
I andreomgang tok HIB meir over, og hadde aller sjansars mor sånn cirka midtvegs, men vår keeper (Rune?) varta opp med feberredningar som holdt oss inne i kampen. Kez fekk kjeft frå eit samla studentmiljø for sine godt tima taklingar.
I siste sekund av kampen fekk Miguel sin Store Sjanse. Han drog av eit par tre studentar, fekk ballen opp - og ned igjen - og kom seg rutinert i avslutningsposisjon. Diverre strauk skotet stolpen, og vi måtte ta til takke med eitt velfortent poeng.

*** Kez - Suverent banens beste overalt og hissig som berre Kez kan vere
** Keeper (Egil?) - holdt nullen og gjorde fleire strålande redningar
* Syskjenbornet til Sandnes (Andreas?) - Sprang som faen

I tillegg ros til Claus Lundekvam som gjorde ein framifrå jobb som ballgutt.